torsdag 9. februar 2012

Kjole til meg:)


I fjor starta eg på eit kjolemønster, med eit klassisk empiresnitt. Mønsteret har visst fått ligge litt, sidan eg ikkje vart heilt nøgd med kjolen forrige gang. No har eg tatt det fram igjen, og justert både her og der. Endlege ser det ut til at mønsteret er brukandes, og i kveld skal eg prøvekjøyre denne kjolen, for å sjå om ytterlegare endringar må til , før eg er heilt nøgd.

Kjolen er sydd i strech denim frå stoff og stil, med liv i dus aquagrøn sateng, oransje detaljar og ein liten lomme. Kjolen går akkurat på utan glidelås, pga at det er litt strech i stoffet. Er man veldig dryge i brystpartiet, kan det nok være lurt å sy inn ein glidelås i sida, for at det ikkje skal vært ein kamp på liv og død å få av kjolen.

Når mønsteret er prøvekjøyrt, ser det ut til at det kan bli voksenkjolar til salgs også.

redesign skinnclutch

Brukte skinnjakker kan syast om til såmangt. Mange lommebøker har blitt til, og her er nokre skinnclutchar som rommer litt meir stæsj enn ei lommebok. Clutchane er kjekke å sy, men det krevst ei litt kraftig symaskin, for å få saumen fin. Elna 3210 klarer jobben godt, og er ei rimelig maskin som er laga spesielt for å sy mange lag med dongeri. I like:)

Her er 3 clutchar, som er ca 14x20cm. Alle har vristreim, og ein glidelåslomme på innsida.
Pris : 480,-

#1 Den første clutchen er burgunder, med mønstrete fór (grøne linjer på kvit bakgrunn)
Den originale ytterlommen på jakka er tatt vare på,
og fått ny funksjon med ein stor trykknapp.
Svart vristreim høyrer til, men er ikkje avbilda.
Denne kjem snart for salg på EPLA.no


#2 Denne er svart, og har ein blome-applikasjon med raude kontrastsaumar. Raud glidelås og grått fòr med kvite blomar. Kjem muligens på EPLA, eller kan lagast på bestilling.

#3 Svart clutch med samme fór som den første. Her har eg også tatt vare på ein original lomme, og satt på ein magnetknapp som lukke mekanisme.
Clutchen har kald lilla glidelås, og er pynta med tre strass-steinar.
Blir kanskje å finne på epla i morgen, etter at ein kunde har sett på denne og nr2.



torsdag 2. februar 2012

Pusete uglelue

Fra tid til annen, blir det hekla litt, og eit av produkta eg har laga i det siste, er denne uglelua. Den er laga på bestilling for barnefotograferings formål.

Den er hekla i eit nydelig ullgarn, som gir eit "pusete" resultat.
Eg har også strikka eit luftig teppe, og hekla små luer med tilhøyrande bleier.
Fleire bileter ligg på bloggen til fotografen.

Fotografens blogg finn du her

onsdag 1. februar 2012

Heildress med navn

Det kjem stadig nokre bestillingar på heildressar, og her kjem det to som skal til eit søskenpar. Luene i forrige innlegg, matchar dressane. Både dressane og luene har litt baggy relax-stil.

Det vart kun detalj bileter denne gangen, men modellen i sin heilhet, kan du sjå i arkivet under heildressar eller jumpsuits.


Luer med navn

To nye huer har blitt ihopsytt i dag, og er klare til nye brukarar.
Til desse huene har eg også laga dressar, som kjem i neste innlegg.

Huene kostar 200,-, og vert sydd i bomullsjersey.
Kanskje ikkje varme nok til sprengkulda som kjem til helga ( -30 på fjellet, huff...), men heldligvis har vi ikkje so månge kalde dagar i året.

fredag 27. januar 2012

Mini leather wallets - redesign

Minilommebøker

I løpet av dagen, legg eg ut disse mini skinnlommebøkene på epla. Disse er kjekke både å lage, og bruke. Lommeøkene har plass til mange kort, pluss litt pengar i glidelåslommen. I eplabutikken, ligg det også fleire bileter av lommebøkene.

Lommebøkene er laga av restar frå gamle skinnjakker/skinnskjørt, og forsterka med strykeinnlegg.
Pris 250,-


torsdag 26. januar 2012

Brun skinnlommebok

Nok ei lommebok er klar til salg. Denne er brun, med retro fór, og turkise glidelåsar.
pris 330,-


Redesign skinnlommebok i grønt skinn

Endelig har eg fått litt fart på syinga igjen, etter ein avslappande start på året. Eg har fått tak i litt skinn i ulike fargar, og kjem til å lage ein del lommebøker og småvesker framover. Dei vert å finne på epla butikken. Denne vart laga i dag, og er allerede ute til salgs.

Militærgrøn lommebok med to lommar. Hjarte applikasjon med "diamant", og anheng på glidelåsen. Pris 280,-



Interiør hekling - "flasketrøye" og duk


Inspirert av mellom anna pickles, som har ei flott nettside med salg av garn og oppskrifter, har eg i løpet av eit par kveldar hekla litt til stuebordet. Med utgangspunkt i tre melkeflasker, hekla eg tre "flaske trøyer", som lett kan takast av ved vasking av flaska.

Eg har ikkje hekla etter noko mønster, men dersom du kan å hekle, er det veldig lett å lage slike "trøyer". Start med å lage ein ring av luftmasker som passar rundt toppen av flaska. Hekle så rundt og rundt utan å auke, heilt til flaskehalsen utvidar seg. Då har eg auka med ei maske i annakvar maske, ei runde, og deretter hekla runde på runde utan å auke, til bunn av flaska.

Eg har brukt restar av alpakkagarn, kanskje litt luksus, sidan dette er ei relativt dyrt garn, men til gjengjeld eit veldig fint garn.

Duken er hekla i ullgarn frå panduro med pinne 10. Her har eg starta med ein ring av 4 luftmasker, deretter 10 stavar i første runde, og auka med 10 stavar pr runde, heilt til duken blir så stor du vil ha den.

Har du lyst å lage sjølv, og står fast? Legg inn ein kommentar, so skal eg forklare so godt som eg kan.

Ha ein fin dag!


tysdag 3. januar 2012

Barnekjoler på salg

Godt nytt år!


SALG!
Eg startar året med å setje ned prisen på nokre av barnekjolane som ligg i nettbutikken.

Den første arbeidsveka er prega av papirarbeid, og øvrig jobbing bak skjermen. I løpet av januar, kjem det fleire skinnlommebøker i ulike størrelsar og fargar i nettutikken.

Ynskjer du å bestille noko anna enn det som er tilgjengeleg i butikken, kan du sende meg ein mail.

NB! Prislista vert innaktiv i periodar, pga av arbeid på nettsida.


tysdag 6. desember 2011

Lærarmband og mange lømmebøker på epla

Julemarknadane er over for i år, og no gjenstår det å sy ferdig julebestillingar, før eg kan ta fatt på litt juleferie. Etter marknadane, har eg enno att ein del skinnlommebøker, som no er lagt ut i eplabutikken min

Eg har også prøvd meg på å lage lærarmband. Dei første armbanda ligg no til salgs i nettbutikken også. Her er nokre bileter:


fredag 2. desember 2011

Sneak peak til marknaden

Då har eg skrudd av symaskinene, og er i ferd med å pakke sekken framfor julemarknaden Laurdag og Søndag. Veka har blitt litt amputert pga sjuke barn, slik at eg måtte skru ned forventningane til antall ferdigstilte produkt.

Her er nokre av sakene som vert med på marknaden:


Lita notisbok med raudt skinnomslag:

Raud skinncluth med svart og gull:

Mange lommebøker i fargerike utgåver:


onsdag 30. november 2011

Designernes julemarked i Oslo


Komande Laurdag og Søndag, er det duka for årets julemesse i Oslo. Denne veka, har eg sydd redesign skinnlommebøker og småvesker. Det vert spennande å sjå om det vert popp eller flopp. Eg har også laga nokre spreke småvesker/handvesker, alt i gjenbruksånd. Heldigvis er det to heile arbeidsdagar att, sllik at det vert mange småpungar og vesker å velgje mellom.
Prisar frå 230,- til 600,-

Julemarkedet er ope 1000 til 1800 begge dagar.
Hjarteleg velkomen til ein kjekke
julehandel:)

Eg legg ut nokre bileter i morgon, ein liten sneakpeak er lov.

måndag 28. november 2011

Julemarked i Heggedal

Då er Eplas julemarked over for denne gang. Tusen takk til alle som var innom! Epla butikken vert oppdatert med varer frå marknaden, i løpet av neste veke

Eit bilete frå kroken min. Det var trangt om plassen, og litt vanskelig å få til ei god utstilling.
Neste helg er det julemarked på DogA i oslo. Der skal eg selge skinnlommebøker, og produksjonen er allerede i gang. Lommebøker som er til overs etter markedet neste helg, vert lagt ut på epla i løpet av mandag den 5. og tirsdag 6. desember.

.

torsdag 17. november 2011

Små lommebøker i skinn


No nærmar det seg marked i Heggedal (26.11), og det meste som har blitt produsert på syrommet i det siste, skal være med på marked. Syrommet rommer mange produkter som enno ikkje har blitt fotografert, men smått om senn kjem saker for salg på nettbutikken. Dei første produkta som er lagt ut for salg, er disse nye små-lommebøkene, sydd av brukte skinnjakker.

Lommebøkene er akkurat store nok til å ha kort i ein lomme, og litt pengar i den andre lommen. Dei er laga i same stil som dei litt større lommebøkene, med gjenbruk av skinn og friske kontrastfargar på glidelås og fór.

Til salgs i Eplabutikken

torsdag 3. november 2011

Ny kjolemodell


Frå tid til anna, må eg prøve meg på nye kjolemodellar. Denne kjolen er det ein del arbeid med, men den blir til gjengjeld veldig tøff med lommar og fargerike detaljar. Denne modellen kjem også til å bli laga nokre eksemplar av i redesign stil. Avbilda kjole, er kun laga av nye stoff.

Denne kjolen, er eit av produkta som skal være med på marknad 26.november. Kjolen sit veldig fint på, noko eg kan bekrefte etter at minstemann Troy, særdeles motvilleg, måtte være prøvekanin:o



Kjolen er i str 4 år . Pris på denne 500,-

måndag 31. oktober 2011

julegaver


Det nærmar seg jul, og produksjonen av lommebøker og andre produkt er i full gang.

Ynskjer du å kjøpe julegaver, kan det være lurt å sende meg ei bestilling før 1.desember.Det vert lagt ut nokre nye produkt i nettbutikken i løpet av veka, ellers vert det meir å finne i nettbutikken etter 4. desember, etter at eg er ferdig med 2 julemarknadar.

Her er nokre bileter av julegåve idear:

Her er 3 av lommebøkene som kjem for salg på epla i løpet av veka:


fredag 14. oktober 2011

torsdag 6. oktober 2011

Redesign skjortekjole

I skapet ligg det nokre skjorter, som ventar på ein ny sjanse til å kle opp eit levande vesen.
Pent brukte skjorter, har jo framleis mykje liv i seg, og egnar seg godt til
å bli til feks småkjolar. I tillegg til gjenbruk av skjorte, har denne kjolen fått armar frå ei pent brukt dressbukse.

På ryggen er det applikert eit hjerte i det same buksestoffet.

Sidan eg skal på marked i november, kan det hende at eg tek med meg denne, og ein del andre skjorte og denimkjolar som enno ikkje er laga. Nokre vil også verte tilgjengeleg på nettbutikken.

tysdag 4. oktober 2011

Stjernelue


Haustens hit; marinefarga stjernelue!

Dette stjernestoffet er ein av favorittstoffa mine i haust, og er perfekt å lage luer av. Lua er sydd dobbel, og stoffet er bomull med strech. D
enne kan lagast frå eit år og opp til vaksen.


Pris 180,-
Kan bestillast på mail,

Andre stoff som eg har på lager, som kan syast huer av:

Fleire stoff kjem, berre eg får tatt meg tid til å redigere bileter:)