torsdag 26. januar 2012

Interiør hekling - "flasketrøye" og duk


Inspirert av mellom anna pickles, som har ei flott nettside med salg av garn og oppskrifter, har eg i løpet av eit par kveldar hekla litt til stuebordet. Med utgangspunkt i tre melkeflasker, hekla eg tre "flaske trøyer", som lett kan takast av ved vasking av flaska.

Eg har ikkje hekla etter noko mønster, men dersom du kan å hekle, er det veldig lett å lage slike "trøyer". Start med å lage ein ring av luftmasker som passar rundt toppen av flaska. Hekle så rundt og rundt utan å auke, heilt til flaskehalsen utvidar seg. Då har eg auka med ei maske i annakvar maske, ei runde, og deretter hekla runde på runde utan å auke, til bunn av flaska.

Eg har brukt restar av alpakkagarn, kanskje litt luksus, sidan dette er ei relativt dyrt garn, men til gjengjeld eit veldig fint garn.

Duken er hekla i ullgarn frå panduro med pinne 10. Her har eg starta med ein ring av 4 luftmasker, deretter 10 stavar i første runde, og auka med 10 stavar pr runde, heilt til duken blir så stor du vil ha den.

Har du lyst å lage sjølv, og står fast? Legg inn ein kommentar, so skal eg forklare so godt som eg kan.

Ha ein fin dag!


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar