torsdag 6. oktober 2011

Redesign skjortekjole

I skapet ligg det nokre skjorter, som ventar på ein ny sjanse til å kle opp eit levande vesen.
Pent brukte skjorter, har jo framleis mykje liv i seg, og egnar seg godt til
å bli til feks småkjolar. I tillegg til gjenbruk av skjorte, har denne kjolen fått armar frå ei pent brukt dressbukse.

På ryggen er det applikert eit hjerte i det same buksestoffet.

Sidan eg skal på marked i november, kan det hende at eg tek med meg denne, og ein del andre skjorte og denimkjolar som enno ikkje er laga. Nokre vil også verte tilgjengeleg på nettbutikken.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar