
Eg er i ein prosess der eg har flytta syrommet mitt ned i kjellaren, og har fått stor plass til å boltre meg på. Uansett plass, er det alltid behov for å skape system. Etterkvart som eg får etablert praktiske systemer, kjem eg til å legge ut fleire kjekke tips til eit ryddig syrom.
Første tips ut er denne superraske quick fixen av valnøttboksane som lenge har stått nakne på rad og rekke.
Forklaring til bildene frå øverst til venstre:
1. Ein tom valnøttboks eller lignande (denne har ingen skarpe kantar, og passar derfor perfekt)
2. Du treng ein skjerekniv, linjal og Scrapbook papir, eller anna papir som rekk rundt boksen. Dette papiret er eit rimelig papir frå Søstrene Grene, og er 30x30cm. Eit ark er nok til 3 boksar.
Skjer ei stripe som er bred nok til å dekke boksen frå topp til bunn. Denne er akkurat 10cm.
3. Fest papiret til boksen med litt tape.
4. Fortsett rundt, slik at papiret overlappar utgangspunktet.
5. Fest med klar tape langs heie skjøten.
6. Fiks ferdig til bruk. Raskt og enkelt.
Treng du boksar som toler røff medfart, kan du lime fast papiret i tillegg ( til blyantar på barnerommet feks), men til syrommet mitt, er dette tilstrekkelig for oppbevaring av sakser, knivar, blyantar og verktøy.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar